Annonse

To politifolk har status som mistenkte etter at politiet drap mann i Telemark

To tenestepersonar har status som mistenkt etter at ein mann i 30-åra vart drepen av politiet på Bolkesjø tysdag. Samtidig er tenestevåpen beslaglagt.

Annonse

– Det er gjort beslag av tenestevåpen, men eg vil ikkje seie kor mange våpen som er beslaglagde, seier Helle Gulseth, fungerande leiar for etterforskingsavdeling Aust-Noreg i Spesialeininga til NTB.

Det var måndag ettermiddag at ein mann i 30-åra vart skoten og drepen av politiet ved Bolkesjø turisthotell i Telemark. Spesialeininga for politisaker er rutinemessig kopla inn og etterforskar saka.

Telemarksavisa skreiv onsdag at det var beslaglagd våpen hos den drepne mannen, men Gulseth presiserer at det er snakk om tenestevåpen frå politiet.

– To tenestepersonar har status som mistenkte i saka. Begge vart avhøyrt i går kveld og i natt, seier Gulseth.

Ho seier at dei vil gjere fleire avhøyr utover dagen av både polititenestepersonar og sivile.

Får bistand frå Kripos

Gulseth vil ikkje gå inn på kva tenestepersonane som er mistenkte i saka, har sagt i avhøyr.

– Innhaldet i forklaringane er det for tidleg å seie noko om.

Spesialeininga får bistand frå Kripos til å gjere åstadundersøkingar på staden. Det er ikkje klart kor lenge åstadundersøkingane vil gå føre seg.

Vitne: Mannen hadde øks

Varden skriv at mannen i 30-åra tysdag ringde til ein kollega på arbeidsplassen på Notodden. Mannen skal ha vore sjukmeld ein periode og skal ha slite psykisk. Samtalen gjorde kollegaen bekymra og førte til at kollegaen drog til Bolkesjø saman med ein annan i firmaet.

– Då dei kom inn i leilegheita, kom han mot dei med ei øks. Han trua dei ikkje med øksa, men dei oppfatta likevel situasjonen slik at det var tryggast å gå ut. Han skal ikkje ha følgt etter dei ut av bustaden, seier eigaren av firmaet der mannen i 30-åra jobba.

Kollegaene ringde deretter til politiet.

Gulseth i Spesialeininga vil ikkje seie om dei har beslaglagt noka øks på staden.

– Åstadundersøkingane går framleis føre seg, og eg ønskjer ikkje å seie noko om kva som er funne på staden, seier ho.

Vitne høyrde fleire skot

Eit vitne Varden har snakka med, seier at han høyrde det han trur må ha vore tre skot etter at politiet gjekk inn i leilegheita.

Eigaren av firmaet der mannen jobbar, seier til VG at kollegaene skal ha høyrt fire skot.

– Per no kan vi ikkje seie noko om kor mange skot som vart avfyrt. Det er ein del av etterforskinga, seier Gulseth i Spesialeininga.

– Vart det avfyrt varselskot?

– Det er òg noko av det etterforskinga vil belyse.

Politimeister Ole Bredrup Sæverud seier til VG at tenestepersonane som var involverte, ikkje er tekne ut av teneste.

– Det har på noverande tidspunkt ikkje vore nokon grunn til det, seier Sæverud.

(©NPK)

Krimteknikarar på staden der ein mann i 30-åra tysdag ettermiddag vart skoten og drepen av politiet ved Bolkesjø turisthotell i Telemark. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Etterforskningsleiar Helle Gulseth frå Spesialeininga avbildet i 2014. Foto: Heiko Junge / NTB