VM-gull til Mæhlum Johansen

(NPK-NTB): Langrennstalentet Marte Mæhlum Johansen avslutta best av alle og vart juniorverdsmeister på 5 kilometer klassisk i Romania. Lotta Udnes Weng sikra dobbelt norsk.

Dermed fortset dei norske juniorjentene å imponere i innleiinga av junior-VM på ski i Rasnov. Måndag vart det dobbelt norsk på sprinten i fri teknikk, med Amalie Håkonsen Ous på toppen av sigerspallen etterfølgt av Lotta Udnes Weng.

Tysdag tok nemnde Udnes Weng sin andre strake sølvmedalje i meisterskapen, men Nes-jenta kom for seint til å ta gullet frå Marte Mæhlum Johansen.

– Dette er utruleg stort, og noko eg aldri hadde trudd på førehand. Å bli verdsmeister betyr veldig mykje, det er ein draum som går i oppfylling, sa verdsmeisteren til NTB etter målgang.

I eit særdeles spennande VM-renn avslutta Østre Toten-løparen betre enn alle konkurrentane og kneip gullet med 5,3 sekundens margin. Tyske Antonia Fräbel tok bronsen. Ho var slått med 10,7 sekund av verdsmeister Mæhlum Johansen.

Tvillingsøstera til Lotta Udnes Weng, Tiril, vart til slutt nummer fem. Ho var slått med 17 sekund av teten. Dermed glapp medaljen igjen for Nes-jenta, som også var uheldig på sprinten måndag. Då datt ho i semifinalen og fekk øydelagt medaljesjansane.

– Noregs fjerde deltakar Kine Lorgen Øvrebust gjekk inn til 19.-plass. Ho vart slått med godt over eit minutt over verdsmeister Mæhlum Johansen. (©NPK)