Annonse

VM-kongen Thingnes Bø er heilt avhengig av broren

Johannes Thingnes Bø gir broren Tarjei æra for eigen suksess og håper han har han med seg på skiskyttarlandslaget i mange fleire år.

Då VM-lysa på skiskyttarstadion i Anterselva vart sløkt for siste gong søndag ettermiddag, var det éin veldig glad og éin veldig skuffa Bø som drog tilbake til hotellet etter fellesstarten.

Johannes Thingnes Bø (26) gjorde det perfekte løpet, utklassa konkurrentane og tok det tredje gullet sitt i meisterskapen – det første individuelt.

Storebroren Tarjei Bø (31) kjempa tappert mot tårene etter å ha missa endå ein VM-medalje med svært liten margin. Stryningen vart nedkjempa av franske Emilien Jacquelin i spurten og enda på 4.-plass. Faktisk vart han blant dei seks beste i kvart av dei individuelle VM-løpa, utan å klatre opp på sigerspallen.

Då vart to stafettmedaljar (gull og sølv) ein syltynn trøyst.

– Det er litt tungt, det skal eg innrømme. Det er ikkje dette eg har trena for. Du føler du er god, men ikkje god nok. Og det er jo det tøffaste du kan oppleve, seier Tarjei Bø til NTB.

Brutalt

For Johannes Thingnes Bø vart det blanda kjensler på VMs siste dag. Han var hoppande glad for sitt eige gull og samtidig lei seg på vegner av broren.

– Det er brutale saker. Tarjeis ønske om å ta medalje er så høgt. Han brenn verkeleg for det, mykje sterkare enn meg. Då blir skuffelsen deretter.

– Eg tenker at eg er ekstremt heldig som får oppleve det eg gjer i dag (søndag). Når du ser kor hardt dette går inn på han, skulle eg så inderleg ønske at han fekk oppleve det same. Han har prata om ein individuell medalje i dette VM-et i så lang tid, og så er han så nær på alle distansane. Då byggjer kjenslene seg opp, og når det ikkje går i det siste løpet heller, så raknar det sikkert litt, seier Thingnes Bø.

– Livsnødvendig

Han beskriv den fem år eldre broren sin som ein tøffing som kjem til å komme seg over skuffelsen frå Anterselva-VM.

– Tarjei har alltid vore ein tøffing som har ofra alt for å bli best. Han har eit ønske om å tukte meg og (Martin) Fourcade i kvart einaste løp. Og inst inne veit han at han kan klare det òg. Men til sjuande og sist handlar det om å få det ut i rennet og ta dei medaljane.

– No er han sikkert veldig skuffa over VM, men Tarjei er ein fyr som gløymer dette fort og ser vidare til neste mål. Når han ikkje klarte det i år, så blir ønsket om å få det til dobbelt så stort neste år.

– Du vil ha han med på landslaget i mange år framover?

– Ja, ja, ja. Det er livsnødvendig for meg. Eg er nøydd til å ha han med på tur. Eg treng han. Folk veit ikkje kor viktig han er for at eg sit her i dag, seier Thingnes Bø til NTB.

– Du meiner at han er del i suksessen din?

– Ja, han ER suksessen min. Han er faktisk det.

(©NPK)

Johannes Thingnes Bø tar imot gullgratulasjonar etter VM-fellesstarten mens broren Tarjei Bø sit gråtande igjen i snøen i målområdet.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Johannes Thingnes Bø trøystar storebror Tarjei Bø etter VM-fellesstarten i Anterselva. Dei vart nummer éin og fire.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Johannes Thingnes Bø trekkjer fram broren Tarjei Bø som den viktigaste personen bak hans eigen suksess som skiskyttar.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix