VM-smell kan gi tøff OL-veg for Noreg

Noregs svake kamp i VM-semifinalen mot Spania får følgje i jakta på OL-plass uansett utfall i bronsekampen søndag.

Han går mot Russland. Hadde det vorte norsk finale i VM, ville OL-billetten så godt som vore sikra, anten direkte som verdsmeister eller i ei særs enkel OL-kvalifisering.

No er ting i ferd med å sjå meir utfordrande ut for Noreg.

Blir det norsk bronse, ventar OL-kvalik mot Serbia, Kina og eit solid europeisk lag til. Dette blir klart etter VM.

Endar Noreg på fjerdeplass, er Montenegro, Romania og Nord-Korea motstandarar.

Berre dei to beste i kvar OL-kvalikgruppe får plass i Tokyo-leikane.

Det er verdt å merke seg at Noreg ikkje får fordel av heimebane i kvalifiseringa for jentene. Dette fordi dei norske gutane har sikra seg den retten dersom dei ikkje vinn EM i januar.

(©NPK)

Camilla Herrem trøystar Stine Bredal Oftedal etter VM-kampen mellom Noreg og Spania. Den kan skape trøbbel i jakta på OL-plass. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix