Klargjør siden...

Volkswagen har sett av milliardar til tilbakekjøp

(NPK-NTB-AP): Volkswagen har sett av 72 milliardar kroner som skal brukast til å kjøpe tilbake eller fikse dieselbilar verda over som har programvare som manipulerer utsleppsnivået i bilen.

Det opplyste VWs konsernsjef Matthias Müller på ein pressekonferanse torsdag.

Han sa samtidig at han personleg hadde snakka med USAs president Barack Obama då sistnemnde var på Tysklands-besøk sist helg og bad om unnskyldning for utsleppsjukset som blant anna har ramma ein halv million VW-bilar i USA.

Amerikanske styresmakter har varsla at VW kan vente seg store bøter på grunn av jukset, noko den tyske bilprodusenten har sagt at dei samtykkjer i. Storleiken på ei eventuell bot er derimot ikkje bestemt enno. (©NPK)

Annonse