Klargjør siden...
Annonse
Annonse

Vurderer felles aksjeregelverk for statstilsette

(NPK-NTB): Regjeringa kartlegg nå kva for retningslinjer som gjeld for statstilsettes aksjeeigarskap og vil vurdere felles retningslinjer for alle som er tilsett i staten.

– Vi vil nå gå gjennom dette materialet og vurdere om det er behov for generelle retningslinjer som omfattar alle statstilsette, seier statssekretær Kristin Holm Jensen (H) i Kommunaldepartementet til Sysla.

Nettstaden dokumenterte i fjor vår saman med Offshore.no at mange tilsette i Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet sat på store verdiar i oljeaksjar i selskap dei er sett til å forvalte.

Regjeringas kartlegging av kva for regler og retningslinjer som gjeld i ulike departement og underliggjande etatar for statstilsettes eigarskap og handel med verdipapir, skal vere ferdig i vår. (©NPK)