Klargjør siden...
Annonse

Vurderer verdien av tarmkreftundersøkingar

(NPK-NTB): Nasjonalt råd for prioritering i helse- og omsorgstenesta skal torsdag sjå på fordelar og ulemper ved å innføre nasjonal tarmkreftscreening.

I fire år har det gått føre seg eit pilotprosjekt i Helse sør-aust med deltakarar frå Østfold, Akershus og Buskerud. Så langt har den rutinemessige undersøkinga for tarmkreft avdekt over 1.900 avanserte forstadium, altså høyrisikopolypper, og meir enn 223 krefttilfelle. Dei positive resultata er utgangspunktet for eit forslag til vedtak om at det blir innført eit nasjonalt screeningprogram for tjukk- og endetarmskreft.

Forslaget skal bli diskutert i eit ope møte i Oslo torsdag ettermiddag, der det blir fem innlegg med argument for og imot ein innføring.

NTB får opplyst at Nasjonalt råd for prioritering i helse- og omsorgstenesta ikkje har tatt noka endeleg stilling til spørsmålet, berre forma eit forslag til vedtak.

Det største spørsmålet i debatten er om eit såpass omfattande, nasjonalt program er riktig bruk av ressursar, økonomiske middel og kompetanse. (©NPK)