Annonse

Waade i villreie: – Ingen fekk eit anfall i pausen

Silje Waade kan ikkje peike på kva som gjekk feil i VM-havariet mot Nederland fredag. Det enda med 28–30-tap for Noreg.

Noreg hadde eit solid grep om kampen i litt over 30 minutt, men så snudde bildet heilt.

Og det skjedde fort i starten av andreomgangen, utan at dei norske spelarane kunne forklare kollapsen utover at det rakna.

– Det gjer det. Pausen er jo ikkje så frykteleg lang, og ingen fekk noko anfall eller nokon ting i pausen, seier Waade til NTB.

Med siger ville Noreg hatt fire poeng med seg til hovudrunden. No blir det berre to. Vegen har vorte langt meir vrien, og truleg trengst tre sigrar mot Danmark (søndag), Tyskland (måndag) og Sør-Korea (onsdag) for å sikre plass i semifinalen.

Waade forklarer korleis ho opplevde fredagen.

– Dei fire måla vi leier med, blir veldig fort etne opp. Det verkar som vi blir litt stressa og kanskje ikkje skjønner kva som hender, seier ho.

(©NPK)

Silje Katrine Waade får tøff behandling under VM-kampen mot Nederland fredag. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix