Annonse

WADA-sjefen: - Har styrkt posisjonen overfor Russland

WADA-president Craig Reedie forsvarer vedtaket om å gjeninnsetje det russiske antidopingbyrået. Han meiner WADA kjem styrkt ut av vedtaket.

Annonse

Torsdag vedtok styret i Verdens Antidopingbyrå (WADA) å ta Russlands antidopingbyrå (RUSADA) tilbake i varmen som fullverdig medlem. Avgjerda blei tatt med eit klart fleirtal (ni mot to røyster) trass i at det på førehand var sterk motstand og klare åtvaringar frå mange.

Ei rekke leiande idrettspersonlegdomar har i etterkant stilt seg kritiske til vedtaket.

WADA-president Craig Reedie meiner på si side at ei ny-innsetjing av RUSADA var det einaste rette å gjere. Det går fram i eit ope brev briten har sendt til storavisa The Times.

Krav ikkje møtt

- Heilt sidan avsløringane i desember 2014 har russisk dopingbruk forgifta idretten og posisjonen den har i verda. Tilliten er svekt, og utøvarane er frustrerte, skriv Reedie innleiingsvis.

Han peiker vidare på at det russiske antidopingbyrået «har oppfylt krava som blir stilt til alle andre», og peiker på at berre to av dei 31 krava som blei stilt i det såkalla vegkartet framleis ikkje er møtt frå russisk side.

Russland har til no ikkje vedgått at det har eksistert eit statsstøtta dopingprogram i landet, og det er heller ikkje gitt tilgang på tidlegare data og prøvar frå antidopinglaboratoriet i Moskva.

Styrkt posisjon

Avgjerda om å ta RUSADA inn i varmen igjen blei samstundes tatt mot at dei lovar å gi WADA innsyn innan 31. desember.

- Vi forstår skepsisen til tilgangen til det som framleis måtte finst i antidopinglaboratoriet i Moskva, skriv WADA-president Reedie.

Han legg til at dersom ikkje fristen om å gi tilgang til laboratorieprøvene og dataa innan 31. desember blir halden, leiar det automatisk til at RUSADA igjen har brote WADA-koden.

Reedie skriv at nettopp den trusselen «plasserer WADA i ein mykje sterkare posisjon enn på noko tidspunkt dei fire siste åra, særleg fordi nye og strengare sanksjonar kan vente».

(©NPK)

WADA-president Craig Reedie har fått mykje kritikk dei siste dagane. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix