Walmart fjernar våpen og ammunisjon frå hyllene i USA

Varehuskjeda Walmart fryktar opptøyar og plyndring og fjernar våpen og ammunisjon frå hyllene i butikkane sine i USA.

Butikkjeda tok avgjerda etter to netter med opptøyar og portforbod i Philadelphia, der ein psykisk sjuk 27-åring vart skoten og drepen av politiet måndag.

Frykt for uro i samband med presidentvalet neste veke har òg bidrege til at Walmart har bestemt seg for mellombels å fjerne pistolar, revolverar og rifler frå hyllene.

Kundane skal framleis få kjøpe våpen og ammunisjon dersom dei spør om det, opplyser Walmart.

Hittil i år er det selt 17 millionar handvåpen i USA, meir enn noko anna år i historia.

(©NPK)

Ein tilsett ryddar opp etter at ein Walmart-butikk i Philadelphia vart plyndra under opptøyane tidlegare i veka. Foto: AP / NTB