Annonse

Wara ber om verjemålsgransking

Justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) vil ha ein gjennomgang av gamle verjemålssaker for å finne ut om nordmenn har fått verje mot sin vilje.

Justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) vil ha ein gjennomgang av gamle verjemålssaker for å finne ut om nordmenn har fått verje mot sin vilje.

Onsdag avslørte VG at over 9.000 personar som er sette under verjemål sidan 2014, har vorte registrert som «ikkje samtykkekompetent», noko som betyr at personen er vurdert til ikkje å forstå kva eit verjemål inneber. Truleg er berre eit fåtal av desse snakka med.

- Dette er så alvorleg at vi er nøydde til å ha ein stor gjennomgang av eldre verjemålssaker. Vi må avdekkje om nokon har fått eit verjemål mot sin vilje, seier justisministeren til VG.

Onsdag la han fram eit forslag om ei lovendring som skal gjere det meir vanskeleg å setje nokon under verjemål mot sin vilje, men ville ikkje love at det vart ein fullstendig gjennomgang av eldre verjemål, som kan ha vorte oppretta på feil grunnlag.

Wara ville først vente på konklusjonen i granskinga av Tolga-saka.

- Det ligg i korta at konklusjonen blir at vi må undersøkje eksisterande verjemål. Då er det ikkje noko å vente på, seier han.

Fredag sende Justisdepartementet eit brev til fagorganet Statens sivilrettsforvaltning der ein ber om eit forslag til korleis gjennomgangen skal bli gjort.

(©NPK)

Justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) meiner det er grunn til å frykte at fleire nordmenn har fått verjemål mot sin vilje. Foto: Berit Roald / NTB scanpix