Annonse

Wara foreslår ytterlegare 84 skogbrann-millionar

Skogbrannfaren kan blusse opp att, og for å sikre beredskapen og handteringa foreslår regjeringa å plusse på 84,1 millionar kroner på statsbudsjettet.

Annonse

- Det har i år vore behov for auka beredskap og bistand frå skogbrannhelikopter i tillegg til auka innsats frå Sivilforsvaret i sambandet med skogbrannfare og sløkking av skogbrann. Regjeringa foreslår å løyve ytterlegare 84,1 millionar kroner til dette i 2018, seier justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (Frp) i ei pressemelding.

Han peiker på at sjølv om vi er midt i oktober, kan det framleis bli auka skogbrannfare dei neste vekene.

- Dersom det ikkje kjem nedbør i det heile eller i lengre periodar utover hausten, vil faren for skogbrann igjen auke. Det er derfor viktig for regjeringa å legge til rette for ein framleis god skogbrannhelikopterberedskap.

Skogbrannhelikopteret til staten står i utgangspunktet i beredskap i perioden frå 15. april til 15. august, men Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) kan i periodar med stor skogbrannfare og skogbrannar sette fleire helikopter i beredskap. Og dette kostar pengar.

Kommunar som har hatt ekstraordinære utgifter i samband med skogbrannar i år, kan elles søke Fylkesmannen om kompensasjon. NRK skreiv førre veke at fristen for å søke om pengestøtte frå staten gjekk ut 8. oktober.

(©NPK)

Eit brannhelikopter var i aksjon for å sløkke ein skogbrann ved Høgeholtet i Rakkestad 14. juni. Foto: Freddie Larsen / NTB scanpix