Klargjør siden...

Warholm med endå ein norsk rekord

(NPK-NTB): Karsten Warholm forbetra den norske rekorden på 400 meter hekk i eit stemne i Göteborg fredag. Den nye rekorden er på 49,45.

Det skriv supertalentet på si Facebook-side.

«Ny norsk rekord igjen på 400 meter hekk med tida 49,45! Herleg», skriv 20-åringen, som sette rekorden under Världsungdomsspelen i Göteborg fredag.

Tida er berre fem hundredelar unna det internasjonale OL-kravet, og 15 hundredelar unna det norske OL-kravet.

Warholm hadde sjølv den gamle norske rekorden på 400 meter hekk. Den var på 49,62 og vart sett i Florø for ein månad sidan.

Sunnmøringen vann finaleheatet i Sverige klart framfor dei to svenskane Jonathan Carbe og Benjamin Mullen.

Warholms siste moglegheit til å klare OL-kravet er under EM i Amsterdam neste veke. (©NPK)

Annonse