Warholm nominert til prestisjetung pris

Karsten Warholm kan bli den første nordmannen som blir kåra til årets utøvar av Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF).

Sunnmøringen er med på lista over dei nominerte mannlege utøvarane til prisen, som skal bli delt ut i Monaco 23. november.

Warholm har hatt ein fenomenal sesong, som vart avslutta med VM-gull på 400 meter hekk. Han har sett europeisk rekord på distansen med 46,92 og vunne alle løpa han har starta i 2019.

På IAAFs verdsranking er han rangert som nest beste mannlege utøvar i verda uavhengig av idrett. Berre sprintaren Noah Lyles, som tok VM-gull på 200 meter og 4 x 100 meter stafett for USA, er rangert over Warholm.

Også Lyles er blant dei nominerte til årets utøvar-prisen. Det er òg Donavan Brazier (USA), Christian Coleman (USA), Joshua Cheptegei (Uganda), Timothy Cheruiyot (Kenya), Steven Gardiner (Bahamas), Sam Kendricks (USA), Eliud Kipchoge (Kenya), Daniel Ståhl (Sverige) og Christian Taylor (USA).

Warholm og Ståhl er med andre ord dei einaste europearane blant dei nominerte.

Maratonløparen Kipchoge vann prisen i fjor.

(©NPK)

Karsten Warholm vann VM-gull i Doha og kan bli kåra til årets mannlege utøvar i friidretten.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix