Warholm vurderer feriegrep etter strake tap: – Eg hatar det så intenst
Karsten Warholm vurderer å kutte ned på eigen ferie etter at 2023-sesongen vart avslutta med to sjeldne nederlag. Det irriterer friidrettsstjerna grenselaust.
Warholm vart verdsmeister i Budapest, men avslutta sesongen med å bli slått både i Diamond League-stemnet i Zürich og i finalen i Eugene laurdag. Kyron Mcmaster vart for god i Zürich, medan Rai Benjamin viste seg som Warholms overmann i USA.
I eit intervju med NRK er den sigersvanten norske friidrettsstjerna krystallklar på at sesongavslutninga er ei kjelde til frustrasjon.
– Eg hatar det, eg hatar det så intenst. Det gjer meg forbanna, og det gjer meg irritert, seier Warholm til statskanalen.
27-åringen ser ikkje bort frå at nedturane får konsekvensar for ferieplanane hans.
– Eg må tilbake på jobb då, sjølvsagt, når du ser at konkurrentane er på eit nivå som gjer at ein verkeleg må springe fort for å kjempe om OL-gullet neste år. Sesongpausen blir kortare enn ein hadde tenkt seg, seier Warholm.
– Eg må samle meg, prøve å ta dette som ein tøffing og bruke det som motivasjon, legg han til.
Warholm sprang inn til andreplass med tida 46,53 sekund i Eugene laurdag. Rai Benjamin fekk notert 46,39, noko som betyr at amerikanaren enda opp med å levere den raskaste tida på 400 meter hekk i 2023.
(©NPK)
Arkivfoto: Foto: Lise Åserud / NTB / NPK