Annonse

Washington Post: Huawei bidrog til mobilnett i Nord-Korea

Den kinesiske telekjempa Huawei har i løyndom hjelpt regimet i Nord-Korea med å bygge og halde oppe eit mobilnettverk, ifølgje Washington Post.

Avisa bygger si sak på dokument ein tidlegare Huawei-tilsett har gitt dei tilgang til. Det omfattar instruksar, kontraktar og detaljerte rekneark, og viser at Huawei samarbeidde med det statseigde kinesiske selskapet Panda International Information Technology Co. Ltd om prosjekt i Nord-Korea.

Partnarskapet mellom dei to selskapa gjer det likevel vanskeleg å skilje ut Huaweis direkte involvering, konstaterer avisa.

Avsløringane reiser spørsmål om Huawei, som har brukt amerikansk teknologi i komponentane sine, har brote amerikanske eksportreglar ved å utruste Nord-Korea med utstyr.

Den amerikanske regjeringa har så langt ikkje stadfesta opplysningane. Huawei seier i ei fråsegn at selskapet ikkje har nokon forretningsverksemd i Nord-Korea, og at dei følgjer gjeldande eksportreglar, sanksjonslover og reguleringar som USA, EU og FN har innført.

Det amerikanske handelsdepartementet har sidan 2016 etterforska moglege koplingar mellom Huawei og Nord-Korea.

USA svartelista Huawei i mai, noko som betyr at amerikanske selskap som ønsker å bruke komponentar frå Huawei, må innhente godkjenning frå det amerikanske handelsdepartementet.

Amerikanske styresmakter skuldar kinesiske teknologiselskap som Huawei for å stele forretningsløyndommar og true sikkerheita på nett. USA peikar mellom anna på moglegheita for at selskapa kan opne bakdører for kinesiske styresmakter.

(©NPK)

Ei kvinne ved ein Huawei-butikk i Beijing. Foto: Andy Wong / AP / NTB scanpix