Annonse

Wenger skal leie globalt utviklingsarbeid i FIFA

Tidlegare Arsenal-manager Arsène Wenger skal jobbe med utviklingsarbeid for Det internasjonale fotballforbundet (FIFA).

Wenger har vore kopla til den ledige managerjobben i Bayern München, men onsdag vart 70-åringen presentert som ny sjef for global fotballutvikling i FIFA.

Den tidlegare Arsenal-manageren vil vere hovudansvarleg for å føre tilsyn med utviklinga av sporten for både menn og kvinner over heile verda. Han blir òg ein del av International Board (IFAB), som forvaltar regelverket i fotballen.

I tillegg blir Wenger hovudansvarleg for tekniske spørsmål og analyse.

Etter 22 år i jobben gav Wenger seg som Arsenal-manager etter sesongen 2017/2018. På den tida leidde han laga til tre Premier League-titlar, sju FA Cup-titlar og vart tapande finalist i både Meisterligaen (2006) og UEFA-cupen (2000).

(©NPK)

Arsène Wenger har fått jobb i FIFA. Foto: Claude Paris / AP / NTB scanpix.