WHO: Algerie og Argentina er malaria-frie

Verdshelseorganisasjonen (WHO) erklærer at Algerie og Argentina er kvitt sjukdommen malaria, som kvart år tar livet av fleire hundre tusen menneske globalt.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) erklærer at Algerie og Argentina er kvitt sjukdommen malaria, som kvart år tar livet av fleire hundre tusen menneske globalt.

Generaldirektør i WHO Tedros Adhanom Ghebreyesus roste onsdag innsatsen og uthaldet til folket og leiarane i begge landa i kampen mot den ofte dødelege tropiske sjukdommen.

I Algerie, der den franske legen Charles Louis Alphonse først oppdaga malariaparasittar i 1880, har det ikkje vore tilfelle av malaria blant innbyggarane sidan 2013.

Argentina har ikkje hatt nokre tilfelle av sjukdommen sidan 2010. Eit land må ha minst tre år utan nye sjukdomstilfelle før det kan bli erklært malaria-fritt av WHO.

Malaria er ein infeksjonssjukdom som kjem av parasittar overført til menneske ved myggstikk. Han kan forårsake feber, blødingar og nevrologiske problem, og kan vere dødeleg dersom han ikkje blir behandla.

I 2017 døydde så mange som 435.000 menneske av sjukdommen på verdsbasis, ifølgje WHO. 60 prosent av dødsoffera var barn under 5 år.

Eit pilotprogram for malaria-vaksinar til barn vart lanserte i førre månad i Malawi. Programmet skal kunne redde titusenvis av barn, ifølgje WHO. Malawi, Ghana og Kenya har vorte valde ut til å delta i pilotprosjektet som går under namnet RTS, S.

(©NPK)