WHO åtvarar om kraftig koronaspreiing

Mange land opplever no ein eksponentiell vekst i talet på koronatilfelle, åtvarar WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus.

– Dei neste månadene kjem til å bli veldig tøffe, og nokre land er på eit farleg spor, sa Tedros på ein pressekonferanse via videolink fredag.

Han åtvara om at «for mange land opplever ein eksponentiell vekst i talet på covid-19-tilfelle». Dette fører til at ein del sjukehus og intensivavdelingar knapt har rom for fleire pasientar.

(©NPK)