Annonse

WHO ber Mexicos leiarar ta pandemien på alvor

Verdshelseorganisasjonen (WHO) seier det står dårleg til i Mexico med tanke på koronapandemien og ber leiarane i landet ta viruset på alvor.

Annonse

– Auken i talet på smittetilfelle og døde i Mexico er veldig urovekkjande, seier generalsekretær Tedros Adhanom Ghebreyesus i WHO.

Talet på koronarelaterte dødsfall i Mexico har stige til 105.940, ifølgje oversikta til Worldometers. Berre USA, Brasil og India har rapportert fleire dødsfall knytte til pandemien. Over 1.113.000 er registrerte smitta i landet, men det reelle talet er truleg betydeleg høgare fordi svært få blir testa.

President Andrés López Obrador har vorte kritisert for å ikkje bruke munnbind, og sjølv om WHO-sjefen ikkje nemnde namn, ber han Mexicos leiarar ta pandemien på alvor.

– Vi har sagt det generelt, å bruke munnbind er viktig, hygiene er viktig og fysisk avstand er viktig, og vi forventar at leiarar skal gå føre som gode døme, seier Tedros.

(©NPK)

Ein plakat oppfordrar folk til å bruke munnbind i Mexico by. WHO er bekymra for utviklinga i Mexico og meiner leiarane i landet må ta pandemien på alvor og gå føre som gode eksempel. Foto: Eduardo Verdugo / AP / NTB