ANNONSE
Annonse

WHO held krisemøte om apekoppar

Torsdag skal Verdshelseorganisasjonen (WHO) ta stilling til om virussjukdommen apekoppar bør klassifiserast som ein internasjonal trussel mot menneskes helse.

Det er den raske spreiinga av apekoppar verda over som gjer at WHO torsdag sit i eit krisemøte.

Dersom WHO bestemmer seg for å skalere opp helsetrusselen apekoppar utgjer, kan dei komme med mellombelse tilrådingar for korleis ein kan førebyggje smitte av sjukdommen og hindre vidare spreiing.

Allereie førre veke åtvara organisasjonen, saman med EUs smittevernbyrå ECDC, om at festivalane og arrangementa i sommar kan auke spreiinga av viruset.

Apekoppar blir hovudsakleg spreidd gjennom nær fysisk kontakt. Det er framleis uklart om viruset kan spreiast på andre måtar.

(©NPK)

Torsdag skal Verdshelseorganisasjonen ta stilling til om virussjukdommen apekoppar bør klassifiserast som ein internasjonal trussel mot menneskehelsa. Foto: CDC via AP / NTB

ANNONSE
Annonse