Annonse

WHO vil at heile verda skal vere i gang med vaksinasjonen innan 100 dagar

Verdshelseorganisasjonen (WHO) ønskjer at land i heile verda skal ha sett det første vaksinestikket mot koronaviruset innan 100 dagar.

Annonse

WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus kom med ønsket på ein pressekonferanse i Genève fredag.

– Eg vil sjå at vaksinasjonen er i gang i alle land innan dei neste 100 dagane, så helsearbeidarar og dei som er i risikogruppa, får vern, seier WHO-sjefen.

Ifølgje ourworldindata.org var det torsdag sett 35,3 millionar vaksinedosar i verda. USA, Kina og Storbritannia har sett flest dosar, medan Israel har sett flest i forhold til folketalet med 24,98 dosar per 100 innbyggjarar.

Noreg har til samanlikning sett 0,62 dosar per 100 innbyggjarar.

(©NPK)

WHO-topp Tedros Adhanom Ghebreyesus vil at alle land i verda skal vere i gang med vaksinasjonen mot covid-19 innan 100 dagar. Foto: Jean-Christophe Bott/Keystone via AP/NTB