Annonse

Widerøe og Danish Air skal drifte flyruter i vest og nord i sommar

Samferdselsdepartementet har tildelt minimumstilbodet på fleire flyruter i vest og nord til Widerøe og Danish Air. Slik blir drifta sikra gjennom sommaren.

Tildelinga skjer etter at Samferdselsdepartementet 28. mai lyste ut ein konkurranse om kjøp av eit minimumstilbod på flyrutene Florø-Oslo, Ørsta-Volda-Oslo, Stokmarknes-Bodø, Stokmarknes-Tromsø, Vadsø-Tromsø og Kirkenes-Tromsø. Avtaleperioden er 1. juli 2021–30. september 2021.

– Gjennom tildeling av kontraktar sikrar vi rutetilbodet gjennom sommaren på fleire strekningar som er viktige for pasientar, næringsliv og andre reisande på Vestlandet og i Nord-Noreg, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressemelding.

Rutene til/frå Florø, Ørsta-Volda og Stokmarknes blir frå 1. oktober 2021 mellombels tekne inn den ordinære ordninga med offentleg kjøp av flyruter, dei såkalla FOT-rutene.

Samtidig melder departementet at dei måndag lyser ut ein ny konkurranse for flyruta Stord-Oslo.

(©NPK)

Samferdselsminister Knut Arild Hareide melder at Widerøe og DAT får fly regionale ruter i sommar.
Foto: Terje Pedersen / NTB