Annonse

Wiebes suveren i spurten i Ladies Tour of Norway

20 år gamle Lorena Wiebes herja med konkurrentane i spurten under den 1. etappen på torsdag av sykkelrittet Ladies Tour of Norway.

Annonse

Wiebes frå Nederland var fleire sykkellengder betre enn Australias Chloe Hosking på 2.-plass. På sykkelspråket snakkar vi utklassing. Danmarks Amanda Dideriksen vart nummer tre. Letizia Paternoster (Italia) og Marianne Vos (Nederland) følgde på dei neste plassane.

Team Sunwebs Susanne Andersen (21) vart beste norske på 6.-plass. Stavanger-jenta hang med i første del av hovudfeltet gjennom heile rittet.

Framleis er det ingen norske som har vunne ein etappe i Ladies Tour of Norways historie.

Etappen på torsdag var på 128,4 kilometer med start i Åsgårdstrand og målgang i Horten. Etappen vart prega av mykje vind og regn.

Rundt 40 ryttarar hang framleis med inn i den siste runden. Mange ryttarar forsvann i ein velt med dryge to kilometer igjen.

Etappen på fredag går mellom Mysen og Askim og er 131 kilometer lang. Rittet blir avslutta søndag.

(©NPK)

Susanne Andersen under sykkel-VM for tre år siden. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix.