Annonse

Wiegman erstattar Neville som engelsk landslagstrenar

Sarina Wiegman, som leidde Nederland til VM-sølv i fjor, er tilsett som ny engelsk landslagstrenar i fotball for kvinner.

Ho tek over etter Phil Neville i september neste år.

Dermed får Wiegman leie England i EM på heimebane i 2022, dersom meisterskapen kan gå som planlagt. Nevilles siste oppgåve blir OL i Tokyo neste år.

– Sarina var førstevalet vårt. Ho passar perfekt inn i den kulturen vi har, noko som er heilt avgjerande når ein skal byggje eit vinnarlag, seier Sue Campbell i det engelske fotballforbundet.

(©NPK)

Sarina Wiegman blir engelsk landslagstrenar i fotball for kvinner frå neste haust. Foto: François Mori/AP/NTB scanpix.