Annonse

Wimbledon utbetaler millionar i premiepengar trass kansellering av turneringa

Wimbledon deler ut over 117 millionar kroner i premiepengar fordelt på 620 tennisspelarar etter at turneringa vart avlyst grunna koronaviruset.

Annonse

Det stadfestar The All England Club (AELTC) fredag.

– Umiddelbart etter kanselleringa av meisterskapen retta vi merksemda mot korleis vi kunne hjelpe alle som gjer Wimbledon mogleg, seier konsernsjef i AELTC Richard Lewis.

Dei 256 spelarane som skulle ha konkurrert i hovudtrekninga får nesten 300.000 kroner kvar, medan dei 224 som skulle spele i kvalifiseringsrundane får tildelt 150.000. Dei resterande pengane blir utdelte til utøvarar innan doubles-turneringar og rullestol-tennis.

– Vi er glade for at vi er i ein posisjon der vi kan tilby denne utbetalinga som ein premie for det harde arbeidet dei har lagt ned for å jobbe med rangeringa sin til eit punkt der dei har fått direkte tilgang til meisterskapen 2020, held Lewis fram.

Koronapandemien medførte at konkurransen vart kansellert for første gong sidan 1945.

(©NPK)

Tennisspelarar som skulle vere med i Wimbledon får utbetalt premiepengar sjølv om konkurransen er avlyst. Foto: Bob Martin/AELTC via AP/NTB scanpix.