Annonse

Xi åtvarar om at sjølvstyret i Hongkong står på spel

Kinas president Xi Jinping åtvarar om at valden i Hongkong set sjølvstyret i byen på spel. Samtidig ber NTNU og UiB norske studentar forlate Hongkong.

Annonse

- Valdelege og ulovlege aktivitetar i Hongkong nyleg har medført eit alvorleg overtramp mot lov og orden, sa den kinesiske presidenten Xi Jinping torsdag, ifølgje den statlege avisa People's Daily.

- Valden har utfordra grunnprinsippet om «eitt land - to system», sa Xi.

Han kom med utsegna under BRICS-møtet i hovudstaden i Brasil, Brasilia. Medlemslanda i BRICS er Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika.

Same dagen stod bilførarar og pendlarar i Hongkong fanga i endelause køar då demonstrantane for fjerde dagen på rad hadde blokkert motorvegar og jernbanespor.

Ber norske studentar reise heim

Utanriksdepartementet endra onsdag reiserådet sitt for Hongkong. Dei ber no dei norske studentane i byen om å vurdere tryggleiken kontinuerleg.

Både Universitetet i Bergen (UiB) og universitetet i Trondheim (NTNU) har oppmoda studentane sine i Hongkong om å komme seg heim. Det er fem studentar frå NTNU og ti studentar frå UiB i Hongkong.

- Vi har sterkt oppmoda dei til å dra. Vi har vore i kontakt med dei gjennom dagen, og vi følgjer dei opp. Dei kjenner seg trygge, men ser at det ikkje fungerer å vere i Hongkong no. Universitetet der dei studerer, har stengt forelesingane sine. Vi veit ikkje akkurat når dei kjem heim, seier utdanningsprorektor Berit Kjelstad ved NTNU til NTB.

59 studentar i Hongkong

Ho viser til at det er ein svært uoversiktleg situasjon, og at ein ikkje veit om dette eventuelt kjem til å eskalere vidare.

Ifølgje Lånekassen er det 59 norske studentar i Hongkong.

Viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen Oddrun Samdal sa til Khrono onsdag at dei sterkt tilrår studentane sine om å reise heim til Noreg.

- Vi vil òg tilby økonomisk støtte viss det skulle vere eit problem, sa Samdal til avisa.

Ny dag med kaos

Hongkong har vore herja av omfattande demonstrasjonar og reine gateslag sidan juni.

Torsdag kom det til samanstøytar mellom politi og demonstrantar ved det polytekniske universitetet i Hongkong. Demonstrantane skaut med pil og boge mot politiskjolda, men ingen vart skadde. Politiet beslagla seks piler, opplyser dei.

Dagleglivet i den tidlegare britiske kolonien har vorte gradvis meir komplisert og uoversiktleg, og titusenvis er dagleg ramma av køar og forseinkingar. Mange tusen kjem seg ikkje på jobb. Torsdag bad styresmaktene arbeidsgivarane vise forståing og fleksibilitet. Over 240 trafikklys i sentrum hadde vorte øydelagde torsdag.

Tysdag gjekk det hardt for seg ved det kinesiske universitetet, der demonstrantar kasta over 400 brannbomber og andre gjenstandar frå bruer og ned i gatene.

(©NPK)