Annonse

Xi etterlyser større internasjonalt samarbeid

Kina vil bidra med ytterlegare 1 milliard vaksinedosar til andre land, seier president Xi Jinping, som etterlyser auka samarbeid i kampen mot koronapandemien.

Annonse

Måndag heldt Xi opningstalen på nettmøtet i World Economic Forum, som heller ikkje i år kunne arrangerast i Davos på grunn av pandemien.

Under talen påpeika Xi at Kina alt har sendt over 2 milliardar vaksinedosar til 120 land verda over, og at ytterlegare 1 milliard dosar snart er på veg. 600 millionar av desse vil bli sende til afrikanske land, medan 150 millionar dosar skal gå til land i Søraust-Asia.

Det internasjonale vaksinesamarbeidet Covax har til samanlikning hittil levert 1 milliard vaksinedosar til utviklingsland.

– Vi må kvitte oss med mentaliteten frå den kalde krigen og søkje fredeleg sameksistens, noko alle har alt å vinne på, sa Xi i talen.

– Verda i dag er alt anna enn roleg. Proteksjonisme og unilateralisme kan ikkje verne nokon. Når alt kjem til alt, så skadar det både eigne og andres interesser, sa den kinesiske presidenten, som også tok for seg utfordringane knytt til klimaendringane.

Xi understreka at Kina er klar til å samarbeide med andre land for å bremse den globale oppvarminga. Han kom ikkje med noko konkret utspel, verken om tiltak eller finansiering, men understreka at det er opp til industrilanda å skaffe til vegar både teknologi og pengar for å kjempe mot den globale oppvarminga.

(©NPK)

Kinas president Xi Jinping etterlyser auka internasjonalt samarbeid i kampen mot koronapandemien og den globale oppvarminga. Foto: Xinhua / AP / NTB