Annonse

XXLs Sverige-sjef går av etter Facebook-innlegg om Greta Thunberg

Sjefen for den svenske avdelinga av XXL går av på dagen etter eit innlegg om klimaaktivisten Greta Thunberg på Facebook-profilen hans.

Per Sigvardsson har nekta for at han har skrive innlegget, som XXL karakteriserer som «upassande».

Han har hevda at han har vorte utsett for datainnbrot, men den norske sportskjeda kan verken stadfeste eller avkrefte påstanden, sjølv om selskapet henta inn eksperthjelp utanfrå for å granske korleis innlegget hamna på profilen til XXL-sjefen.

- Per Sigvardsson har på grunn av dette på eige initiativ valt å seie opp stillinga si i XXL med umiddelbar verknad for å skape ro rundt situasjonen og for å skape den best moglege situasjonen for XXL, skriv selskapet fredag.

Ifølgje XXLs konsernsjef Tolle Grøterud har XXL nulltoleranse for alle typar krenkande, støytande eller trakasserande åtferd.

Det var den svenske avisa Aftonbladet som først rapporterte om at det var lagt ut eit krenkande innlegg om den 16 år gamle svenske klimaaktivisten på Sigvardssons Facebook-profil i april.

(©NPK)

Greta Thunberg taler i Kungsträdgården i Stockholm. Foto: Janerik Henriksson/TT / NTB scanpix