Yara og DNB trekte ned hovudindeksen på børsen

Hovudindeksen på Oslo Børs gjekk ned 0,13 prosent til 907,82 poeng torsdag. Yara og DNB trekte indeksen ned.

Mest omsett var Yara International, som fall ikkje mindre enn 4,4 prosent. Onsdag melde selskapet om eit tap på 230 millionar kroner etter avgjerda om å stengje ein fabrikk i Trinidad og Tobago, ifølgje Dagens Næringsliv.

På andreplass på omsetningslista kom Equinor, som hadde ein oppgang på 0,9 prosent.

Det vart òg nedgang for DNB, som fall 1,6 prosent. Subsea 7 var òg blant dei mest omsette selskapa onsdag, og aksjen steig med 0,8 prosent. Det same gjaldt Mowi, som gjekk opp 0,6 prosent.

Veidekke til vêrs

Blant dei store selskapa vart Veidekke dagens børsvinnar. Aksjen steig ikkje mindre enn 10,5 prosent.

Selskapet offentleggjorde onsdag kveld at det vil skilje ut eigedomsverksemda i eit eige selskap. Samtidig blir det opna for børsnotering, og selskapet har i tillegg fått ein førespurnad frå ein «seriøs aktør» om kjøp av verksemda, ifølgje E24. Veidekke la dessutan fram resultat torsdag morgon.

Energisektoren gjekk opp 0,8 prosent, medan sjømatsektoren gjekk opp 0,4 prosent. Shippingsektoren auka òg og fekk ein oppgang på 0,7 prosent.

Fall i Asia

Eit fat nordsjøolje vart omsett for litt under 63 dollar torsdag ettermiddag, ein auke på 0,5 prosent gjennom dagen.

På dei viktigaste børsane i Europa var det stort sett nedgang. DAX 30 i Frankfurt gjekk ned 0,2 prosent, medan FTSE 100 i London gjekk ned med 0,5 prosent. CAC 40 i Paris hadde ein liten oppgang på 0,05 prosent.

I Japan hadde Nikkei-indeksen ein nedgang på 0,8 prosent, medan Hang Seng i Hongkong fall 0,9 prosent.

Det var nedgang i USA òg, om enn marginalt. Industriindeksen Dow Jones hadde falle 0,03 prosent ved 17-tida, norsk tid torsdag. Teknologiindeksen Nasdaq hadde falle 0,17 prosent, medan den breie S&P 500-indeksen hadde ein nedgang på 0,01 prosent.

(©NPK)

Hovudindeksen på Oslo Børs har stige med 13,55 prosent hittil i år. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix