YouTube stengjer ute ytre høgre-kanalen One America News

YouTube har stengt ute ytre høgre-kanalen One America News (OAN) i éi veke for desinformasjon om koronapandemien.

YouTube skriv i ei fråsegn at dei fjerna ein video der det vart hevda at det finst ein kur mot covid-19. I tillegg hindrar dei mellombels OAN frå å tene pengar på innhald som allereie er på nettet. Dei får heller ikkje poste nye videoar den neste veka.

Det er første gong YouTube slår til mot OAN, som er langt ute på høgresida i USA.

USAs president Donald Trump har tidlegare oppmoda folk til å sjå på OAN, og dei har til liks med Trump fleire gonger komne med udokumenterte påstandar om omfattande fusk under valet.

(©NPK)