Annonse

Ytterlegare 55 stadfesta smitta av korona i Oslo

Smittetalet i Oslo auka med 55 frå tysdag til onsdag, viser oppdaterte tal frå Oslo kommune. Berre éin bydel er under grensa for raudt nivå.

Annonse

Auken i smittetal er det nest høgaste Oslo har registrert på ein enkelt dag dei siste to vekene.

Bydel Vestre Aker er einaste bydel der smitten ligg under 20 per 100.000 personar. I store delar av hovudstaden er smitten no betydeleg høgare. St. Hanshaugen, Gamle Oslo, Sagene og Stovner har alle over 100 smitta per 100.000.

Høgast smittetal blant unge

Framleis er det flest smittetilfelle i aldersgruppa 20–29 år. Denne gruppa har dobbelt så høgt smittetal som neste gruppe, som er folk i 30-åra. Det er registrert 21 smittetilfelle i aldersgruppa over 70 år.

Oslo kommune innførte måndag strengare smitteverntiltak i eit forsøk på å demme opp for den auka spreiinga i byen. Viss smitten held fram med å auke, kan det bli aktuelt å innføre inngripande tiltak, varsla byrådsleiar Raymond Johansen (Ap).

Smitteverntiltak

Dei siste to vekene er det registrert 543 nye smittetilfelle i Oslo. Smitten har arta seg som mindre utbrot ei rekkje stader i byen. I mange tilfelle har det ikkje vore mogleg å spore smitten.

Byrådet har innført ei maksgrense på ti personar som kan møtast i private heimar, eit tiltak som i første omgang skal vare i to veker.

Utelivet og serveringsbransjen blir bedne om å føre gjestelister, og Johansen kom med ei sterk oppmoding om at folk må bruke munnbind i kollektivtrafikken. Kommunen har òg sendt tekstmelding til Oslos innbyggjarar med ei påminning av smitteverntiltaka.

Koronasmitten fortset å spreie seg i Oslo. Smittetalet auka med 55 frå tysdag til onsdag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB