Annonse

Ytterlegare sju russiske vektløftarar suspendert etter WADA-informasjon

Ytterlegare sju russiske vektløftarar vart fredag suspendert mistenkt for doping på bakgrunn av informasjon frå WADAs analyse av data frå Moskva-laboratoriet.

Tidlegare i veka offentleggjorde Det internasjonale vektløftarforbundet (IWF) at det var innleidd dopingsak mot fem russarar, alle med EM- eller VM-medaljar på merittlista, basert på informasjon frå WADA. No er talet auka til 12.

Dei sju nye sakene er mot Dimitrij Lapikov, Chingiz Mogushkov, Adam Maligov, Magomet Abujev, Maksim Sjeiko, Nadezda Jevstjukhina og Julia Konovalova. Lapikov og Jevstjukhina har tidlegare sona utestenging for doping, og begge vart tatt frå bronse frå London-OL i 2012.

Namna som vart offentleggjort allereie tysdag er Ruslan Albegov, Tima Turjeva, Oleg Tsjen, David Bedzjanjan og Jegor Klimonov.

WADA har sidan januar jobba med å analysere informasjonen i databasen til Moskva-laboratoriet, som då vart gjort tilgjengeleg for antidopingbyrået. WADA fekk òg ei rekke lagra prøvar frå russiske utøvarar, og saman blir dette brukt til å avdekkje moglege dopingsyndarar.

Førre månad opplyste WADA at etterforskinga allereie hadde ført til dopingmistanke mot om lag 300 russarar, og at informasjon fortløpande blir sende dei relevante særforbunda.

Så langt er IWF og Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) dei einaste som har offentleggjort suspensjonar eller sanksjonar mot utøvarar på grunnlag av WADA-informasjonen.

- Utøvarane er suspenderte med bakgrunn i bevis frå McLaren-granskinga og WADAs vidare etterforsking av russisk dopingjuks, melde IWF fredag.

IOC sette tidlegare i år IWF under overvaking med streng beskjed om å trappe opp kampen mot doping dersom vektløfting skal behalde OL-statusen sin.

(©NPK)

Data frå antidopinglaboratoriet i Moskva (biletet) har ført til at 12 russiske vektløftarar er suspendert i påvente av behandling av dopingsakene mot dei. WADA-etterforskinga vil venteleg føre til ein lang rekkje ytterlegare dopingsaker i mange ulike idrettar. Foto: Alexander Zemljanitsjenko, AP / NTB scanpix