Ytterlegare ti metoo-varsel i Ap i fjor

I fjor fekk og behandla Arbeidarpartiet ytterlegare ti varsel om seksuell trakassering, etter den omfattande metoo-oppvasken for eitt år sidan.

- Vinteren 2017/2018 behandla vi til saman eit tjuetals saker mot ulike personar i partiet. Seinare i 2018 behandla vi i underkant av ti saker knytt til seksuell trakassering lokalt i partiet, opplyser kommunikasjonssjef Ingrid Langerud i Ap i ein e-post til NTB.

Vidare opplyser ho at nokre av sakene var nyare hendingar, mens enkelte dreidde seg om forhold som har skjedd tidlegare.

- I fleire av desse tilfella har behandlinga av sakene ført til at personar har trekt seg frå tillitsverv eller ikkje fått attval. Vi handterer alle førespurnader om trakassering fortløpande og i tråd med retningslinjene og rutinane våre, seier Langerud.

Fleire om Giske

Fleire av varsla Ap behandla vinteren 2017/2018 handla om dåverande nestleiar Trond Giske. Det enda med at han 7. januar i fjor trekte seg som nestleiar og seinare same år vart fråteke vervet som finanspolitisk talsperson i Ap.

Etter dette har diskusjonen rasa om i kva grad den profilerte Ap-politikaren skal sleppast inn i varmen igjen. Partiet står framleis utan ein andre nestleiar, men fleire Ap-trønderar ønsker at Giske skal nominerast til Stortinget på nytt om to år.

Sjølve partisaka mot Giske vart nyleg avslutta. Då vart konklusjonen frå i fjor, om at han hadde brote dei interne retningslinjene til partiet, ståande.

Eit anna varsel handla om ein Ap-politikar frå lokallaget i Oslo. Også ved dette tilfellet vart det slått fast at retningslinjene til partiet knytt til seksuell trakassering var brotne. Vedkommande vart beden om å trekke seg frå alle verv i Oslo Ap og AUF i Oslo, men Dagbladet avslørte seinare at personen vart valt til eit lokalt verv etter at varslarsaka var ferdig handtert.

Nye Høgre-varslar

Ap og Høgre, som òg er dei største partia, var dei som fekk flest varsel om seksuell trakassering i kjølvatnet av metoo-opprøret.

Tidlegare denne veka vart det kjent at òg Høgre hadde fått to nye varsel etter oppvasken i fjor, som begge gjaldt forhold som låg tilbake i tid. Frå før hadde partiet tatt imot til saman 35 varsel av ulik grad, som handla om 21 ulike personar.

KrF opplyser til NTB dei ikkje har fått nokre nye varsel sidan juni i fjor. Då opplyste dei at det hadde komme inn eitt varsel og to bekymringsmeldingar, alle om KrFU.

Desse sakene er no ferdig handterte. Varselet gjaldt ein tillitsvald i KrFU på lågare nivå og omhandla ei hending i privat samanheng i 2011. Vedkommande vart møtt med «sanksjonar i samsvar med KrFUs og KrFs etiske retningslinjer».

SV har heller ikkje tatt imot varsel etter juni 2018. Før det tok imot dei to varsel, som begge gjaldt saker som gjekk tilbake i tid. I ungdomspartiet hadde det komme tre varsel på to år, mellom dei ei sak som vart etterforska som valdtekt.

Ikkje svart

Sp, Venstre, MDG og Raudt har førebels ikkje svart på førespurnaden frå NTB om talet på metoo-varsel det siste året.

Venstre opplyste 1. juni i fjor at dei hadde hatt seks saker om seksuell trakassering dei siste fem åra, med varierande grad av alvor. Etter det fekk dei inn tre varsel, som alle vart behandla.

Sp opplyste at dei hadde fått inn 15 varsel, kor 13 var ferdig behandla.

Raudt opplyste i januar i fjor at dei ikkje hadde fått nokre varsel sidan metoo-kampanjen vart kjent i oktober 2017.

MDG hadde på same tid tatt imot eitt varsel, som då var til behandling.

(©NPK)