Ytterlegare to covid-19-dødsfall i Iran

Iranske helsestyresmakter har fredag registrert to nye dødsfall av covid-19-viruset.

Dermed har fire mista livet i Iran som følgje av viruset, etter at styresmakter melde om to andre dødsfall tidlegare denne veka.

Rapporten frå det iranske nyheitsbyrået Mehr kjem samtidig som valet på ny nasjonalforsamling i Iran. Til no er det registrert 18 virustilfelle i landet, inkludert dei fire avdøde.

Talsmannen til helsedepartementet Kiahnoush Jahanpour seier dei nye tilfella alle kan sporast tilbake til byen Qom, der dei to første eldre pasientane døydde onsdag. Ifølgje han er dei siste smitta anten personar frå Qom, eller personar som nyleg har besøkt byen.

Embetskvinne Minoo Mohraz i helsedepartementet seier viruset kan ha komme frå kinesiske arbeidarar som jobbar i Qom og som har reist til Kina. Eit kinesisk selskap har arbeidd med å bygge eit solkraftverk i byen.

Bekymring over virusspreiinga førte til at styresmaktene denne veka har vedtatt å stengje alle skular i Qom. Byen ligg om lag 13 mil sør for hovudstad Teheran.

(©NPK)

Veljarar med ansiktsmasker i vallokala i Iran. 18 har fått påvist smitte av covid-19-viruset og fire av dei har døydd i landet. Foto: Vahid Salemi / AP / NTB scanpix