Annonse

Ytterlegare tolv omikron-tilfelle stadfesta i Oslo

Tolv nye omikron-tilfelle er påviste i Oslo etter utbrotet som starta i bydel Frogner, opplyser Oslo kommune.

– Så langt er 13 tilfelle av omikron påviste ved sekvensering. Det er venta fleire tilfelle, opplyser kommunen.

Smitten har oppstått etter at det vart arrangert eit julebord på Aker Brygge i Oslo. Ein av gjestene hadde vore i Sør-Afrika.