Zidane: - Bale ønskte ikkje å spele

Real Madrids trenar Zinédine Zidane svarar på kritikken om at han ikkje ønskte å ha med stjernespelaren Gareth Bale til møtet med Bayern München søndag.

- Her om dagen skifta ikkje Gareth før kampen, det ville han ikkje fordi han forhandlar om å forlate oss, seier Zidane ifølgje nyheitsbyrået AFP. I etterkant av treningskampen mot Bayern München, som tyskarane vann 3-1, fekk den tidlegare verdsmeisteren i fotball det glatte laget av Bales agent Jonathan Barnett.

- Han viser ingen respekt for ein spelar som har gjort så mykje for Real Madrid, uttalte Barnett. Den påstanden stiller Zidane seg uforståande til.

- Eg har ikkje vore respektlaus overfor nokon, aller minst Gareth, påstår Zidane.

Spekulasjonane om Bales framtid startar for alvor då Real Madrid signerte belgiaren Eden Hazard frå Chelsea i juni.

- Han (Gareth) kjem til å trene med laget i dag, men i morgon er i morgon, sa Zidane på pressekonferansen i forkant av treningskampen mot Arsenal.

Real Madrid og Arsenal møtest på FedEx Field i Landover, natt til onsdag.

(©NPK)

Ifølgje Zinédine Zidane skal Gareth Bale ha nekta å skifte i forkant av treningskampen mot Bayern München.
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix