Annonse

Zuccarello framleis nummer 36

Den norske hockeystjerna Mats Zuccarello får etter alt å dømme halde fram med draktnummer 36 i den nye klubben sin Minnesota Wild.

Annonse

Draktnummeret er verken stadfesta av klubb eller spelaren sjølv, men på Twitter har fleire brukarar posta bilde av den nye drakta.

26-åringen Nick Seeler hadde sist nummeret i klubben. Amerikanaren har to sesongar bak seg i NHL.

Zuccarello har nesten alltid hatt nummer 36 på ryggen. I 2016 måtte han likevel gi bort draktnummeret sitt til danske Jannik Hansen då dei skulle spele for Europa under World cup, ein liga NHL står bak. Spelaren med høgast ansiennitet har førsteval på nummer.

Nordmannen valde å snu nummeret slik at han spelte med nummer 63

Zuccarello skreiv i sommar under ein femårskontrakt som skal vere verd seks millionar dollar i året, totalt 30 millionar dollar. Det svarer til 255 millionar norske kroner etter dagens dollarkurs.

(©NPK)

Mats Zuccarello har stort sett alltid spelt med nummer 36 på drakta. Foto: Gene J. Puskar / AP / NTB scanpix