Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Zuccarello noterte éi målgivande pasning, men bomma på straffe då Minnesota Wild rauk 3–4 mot Vegas Golden Knights. Det heldt likevel til plass i Stanley Cup.
Publisert: 04.04.2023 kl 07:40
NHL-kampen vart spelt i Wilds eiga storstove i St. Paul i Minnesota måndag kveld.
Heimelaget hadde ei 3-2-leiing fram til det stod att 31 sekund av oppgjeret. Då skåra Pavel Dorofejev for Knights, og kampen gjekk til overtidsspel.
Då dette enda mållaust, måtte det heile avgjerast på straffer. Mats Zuccarello fekk æra av å ta den første for laget sitt, men bomma. Då Reilly Smith skåra på den tiande straffa, vart kampen avgjord i favør Vegas Golden Knights.
Trass i tapet er Wild allereie før sesongslutt garantert plass i Stanley Cup. Laget mista tabelltoppen i NHLs vestlege avdeling til Dallas Knights, men sidan sistnemnde slo Nashville Predators heldt det likevel for Wild.
Det er tiande gong på elleve sesongar at Minnesota Wild er vidare til NHL-sluttspelet.
– For oss er dette første steg, sa Wild-trenar Dean Evason til Minnesota Star etter at avansementet var i boks.
Zuccarello var tredje sist på pucken og noterte målgivande pasning på 2-1-skåringa til vertane tidleg i midtperioden. Den kom i overtalsspel og vart styrt inn av svensken John Klingberg. Brandon Duhaime og Matthew Boldy gjorde Wilds andre mål.
– Det er tøft å sjå dei (Knights) reise herfrå med to poeng, sa Boldy.
I alt står Zuccarello med 66 målpoeng (22 mål/44 målgivande pasningar) på 75 kampar denne sesongen. Han var på isen i 20.23 minutt i oppgjeret måndag og spelte seg til fire skot på mål.
Minnesota Wilds neste oppgåve skjer borte mot Pittsburgh Penguins natt til fredag norsk tid.
(©NPK)
Mats Zuccarello under ein kamp tidlegare i sesongen. Foto: Pontus Höök / NTB
Reilly Smith set den avgjerande straffa bak Minnesota Wild-målvakt Filip Gustavsson. Foto: Stacy Bengs / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.