Annonse

26 behandla for pustevanskar på London-flyplass

(NPK-NTB-AFP): 26 personar har fått behandling for pustevanskar etter eit kjemikalieutslepp som førte til evakuering av flyplassen London City.

Rundt 500 reisande og tilsette blei evakuerte etter at brannvesenet fekk melding om eit kjemikalieutslepp. Det er uvisst kva utsleppet inneheld.

– Vi har behandla 26 pasientar på staden med pustevanskar. To av dei blei sende vidare til sjukehus, heiter det i ei melding frå helsestyresmaktene.

Alle flygingane til og frå London City-flyplassen blei stoppa. På Twitter-kontoen til flyplassen heiter det berre at flyplassen blei evakuert som på grunn av brannalarm.

Flyplassen blir hovudsakleg brukt av forretningsreisande. (©NPK)