Publisert: 25.01.2021 kl 18:00
Vartdal Plast og Bygger`n inngår samarbeid om innsamling av retur-EPS frå byggjeplassar.
Publisert: 25.01.2021 kl 15:42
Økokrim har tiltalt ein person for grovt kreditorsvik etter at selskapet K.A. Aurstad AS i Ørsta gjekk konkurs i 2018.
Publisert: 25.01.2021 kl 11:00 - Oppdatert: 25.01.2021 kl 11:15
- Dette har vi jobba for lenge og difor er det ekstra kjekt at Trafikksatsjonen i Hovdebygda no er redda! jublar Hans Olav Myklebust.
Publisert: 25.01.2021 kl 08:40 - Oppdatert: 25.01.2021 kl 09:46
Måndag morgon melder naudetatane om eit mindre trafikkuhell ved Øyra skule.
Publisert: 24.01.2021 kl 22:46
Volda kommune oppmodar alle som har vore på reise i det sentrale austlandsområdet eller har hatt kontakt med personar som har vore i desse områda dei siste 10 dagane, om å gjennomføre tiltak for å ungå eventuell smittespreiing.
Publisert: 25.01.2021 kl 07:00
Formannskapet har vedteke at Volda kommune gir festivalstøtte også i 2021. – Det kan bli endå eit utfordrande år, og desse festivalane er viktige for Volda, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp).
Helse Møre og Romsdal med
Strakstiltak for tilsette og studentar som har vore i Follo-kommunar og Oslo
Publisert: 24.01.2021 kl 22:27
Helse Møre og Romsdal melder at alle tilsette og studentar som har hatt opphald eller hatt besøk frå Follo-kommunar og Oslo skal i karantene. Dette gjeld tilsette i HMR og studentar som har praksis i helseføretaket.
Publisert: 24.01.2021 kl 18:00
Eigedomsmeklarane Johnny Kragset og Anita Arnesen Kragset kjenner bustadmarknaden i Volda godt, etter 20 år i Volda. – Det går godt i Volda, men no treng vi kvalitetsleilegheiter i sentrum, seier dei.
Publisert: 24.01.2021 kl 15:00
– Det er ikkje vits i å lage meir haraball om dette. La saka gå til Statsforvaltaren, sa Sindre Kvangarsnes (Voldalista) om to mykje omtala hyttetak i Harevadet.
Publisert: 24.01.2021 kl 15:00 - Oppdatert: 24.01.2021 kl 15:00
Under ein fartskontroll i 80 sona på E39 søndag vart høgste fart målt til 113 km i timen
Publisert: 24.01.2021 kl 12:00
Tenesteutvalet for forvaltning og utvikling (TFU) i Volda kommune er positive til torskeoppdrett ved Alida, men seier nei til oppdrettsanlegg ved Støylen.
Publisert: 24.01.2021 kl 07:00
Vaksineringa er godt i gang i Volda, og no går kommunen ut med informasjon om den vidare vaksineringsplanen.
Publisert: 23.01.2021 kl 18:00
Ørsta formannskap er sjokkerte over resultatet etter anbodrunda for ny Sæbø skule og barnehage. Utbygginga medfører ei auke i investeringsramma på kroner 28,8 millionar kroner, for basisløysninga.
Publisert: 23.01.2021 kl 14:50 - Oppdatert: 23.01.2021 kl 15:19
Hornindal: Ein bil i ei garasje, tilknytt eit bustadhus, står i brann.
Publisert: 23.01.2021 kl 15:00
Formannskapet i Volda kommune stiller seg positive til å fusjonere det kommunalt eigde Svor-museet med Musea på Sunnmøre, men vil ikkje signere nokon avtale før ein ser om dialog med dei andre musea i Volda fører fram. – «Alt eller ingenting» bør vere haldninga vår. Skal ein ha ein slik ...
Publisert: 23.01.2021 kl 12:00
Ordførar Sølvi Dimmen (Sp) byrjar å bli lei av stadige tilbakemeldingar om tilstanden i venterommet på ferjekaia i Volda sentrum. – Vi får stadig meldingar om pøbelstrekar inne i venterommet. Inventar blir øydelagt og søppel blir kasta på golvet. Vanleg folkeskikk gjeld her også!
Publisert: 23.01.2021 kl 07:00
Når VTI Symjegruppa ikkje lengre kan leige basseng i Hovdebygda, ønskjer dei å nytte bassenget på Folkestad til symjeopplæring. – Men med dei prisane Volda kommune vil ha i leige, vil det bli eit stort minusprosjekt for oss, seier ansvarleg for symjeskulen, Anne-Britt Aambø Hallaråker.
Publisert: 22.01.2021 kl 15:55 - Oppdatert: 22.01.2021 kl 16:17
Volda kommune har fått inn fem løysingsforslag til ny ungdomsskule i sentrum.
Publisert: 22.01.2021 kl 18:00
Ørsta formannskap har vurdert dei to aktuelle alternativ for lokalisering av ny skuletomt på Legene, og finn at å lokalisere ny skule på eksisterande regulert skuletomt er det beste alternativet.
Publisert: 22.01.2021 kl 10:09
Nynorsk kultursentrum får i overkant av kr. 200.000 frå Kulturdepartementet.
Publisert: 21.01.2021 kl 18:00
Obs BYGG Volda omsette i 2020 for heile 82 millionar kroner, utan meirverdiavgift. Det er ein auke på over 18 prosent frå 2019.
Publisert: 21.01.2021 kl 14:40
Volda kommune skal nytte Samfunnshuset som vaksineringsstad framover, og dei fleste politisk møte blir lagt til andre lokale. Berre kommunestyret får halde fram, men deira møtedag blir flytta frå torsdag til onsdag.
Publisert: 21.01.2021 kl 12:03
På grunn av koronaforbod mot arrangement troppa medalje-søkjaren Reidun Aambø opp i Hjørundfjorden med den glade kunngjeringa: Synnøve Rekkedal Hill skal dekorerast med Kongens fortenestmedalje i februar. Staden er sjølvsagt Rekkedal Gjestehus, på den garden ho vaks opp. Seinare får ho ...
Publisert: 21.01.2021 kl 10:53
Både Volda og Ørsta opnar for skjenking sidan smittetrykket er lågt.
Publisert: 21.01.2021 kl 09:25 - Oppdatert: 21.01.2021 kl 13:57
Endeleg kan Volda-ordførar Sølvi Dimmen (Sp) kople på og lade bilen sin i Volda sentrum. Onsdag var sju nye ladestolpar ved Volda rådhus «på nett» og klare for at elbileigarar i Volda kan kome og lade.