Publisert: 15.12.2019 kl 12:45 - Oppdatert: 15.12.2019 kl 12:49
Vintermatineen vart ei vakker oppleving for publikum.
Publisert: 14.12.2019 kl 19:00 - Oppdatert: 14.12.2019 kl 19:28
Då koret «Kammerdamene», under sin dirigent Kristin Aurdal, framførte «God`s great duststorm» og «Famine song», var det som alle dei hundre som var i kyrkja heldt pusten. Så spesielt og imponerande var det å lytte til. Elles hadde kyrkjekonserten til musikklinja ved Volda vidaregåande ...
Publisert: 03.12.2019 kl 18:00
På Lauvstad vart det 1. søndag i advent tent lys i julegrana, som står ved Lauvstad ferjekai.
Publisert: 27.11.2019 kl 18:00
Då Loge 46 Symra fann ut at dei hadde pengar til overs, bestemte dei seg for å støtte korps- og orkesterarbeid mellom born og ungdom.
Publisert: 12.11.2019 kl 18:00
Volda formannskap støttar Ballettskulen og Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda med 30.000 kroner til oppsettinga av «Nøtteknekkaren» ved Operahuset på Nordfjordeid. Ørsta kommune støttar også førestillinga med 30.000 kroner.
Publisert: 11.11.2019 kl 18:00
Både Kjell Aukrust og Ivo Caprino ville blitt 100 år i 2020. Forskingsgruppa AFON (Animasjon før og no) ved Avdeling for mediefag arrangerer eit seminar om animasjonsfilmene basert på Kjell Aukrust sitt unike univers.
Publisert: 09.11.2019 kl 18:00
Fredag 15. november er det premiere på Bygdlesfeber på Folkestad Kulturhus. Elevar på medielinja ved Volda vidaregåande skule har vore tungt involvert i den visuelle delen, både på og utanfor scena.
Publisert: 06.11.2019 kl 18:00
På søndag vart det arrangert ein allehelgenskonsert i Volda kyrkje.
Publisert: 31.10.2019 kl 21:16
Sundag 3/11 held Volda blandakor konsert i Volda kyrkje. Koret har lang tradisjon med song i kyrkja ved ymse høve. Som eit av dei eldste kora i landet med samanhengande drift har koret sunge ved mellom anna julotta i kyrkja i mange, mange år.
Publisert: 31.10.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 31.10.2019 kl 19:01
Kishore Gajendra frå India flytta frå storbyen Bangalore til vesle Volda for å studere. Etter kvart ynskte han å utfordre seg sjølv ytterlegare og flytta heilt aleine til ei lita jordgamme i skogen. – Eg har blitt langt sterkare mentalt, fortel Kishore.
Publisert: 30.10.2019 kl 14:28
Måndag morgon møtte dei tilsette i Ivar Aasen-tunet dårleg nytt i innboksen. Skodespelar Frank Kjosås måtte avlyse dei komande konsertane i Volda, Jølster og Ulvik. Då hasta det å finne ein erstattar. Betre utfall enn Beate Slettevoll Lech, sist kjend frå Stjernekamp, kan ein knapt tenkje...
Publisert: 29.10.2019 kl 18:00 - Oppdatert: 30.10.2019 kl 10:03
For andre året på rad arrangerte Norsk Forening for Uavhengige Kunstnere (NFUK) haustutstilling for ti biletkunstnarar frå distriktet. Utstillinga er ei moglegheit for kunstnarane til å få vurdert arbeida sine av profesjonelle fagfolk og samstundes nå ut til publikum.
Publisert: 18.10.2019 kl 18:00
I uminnelege tider har folket i Bjørkedalen på Sunnmøre laga båtar. Så kom krona på verket: Myklebustskipet, det største vikingskipet det er funne restar av i Noreg.
Publisert: 16.10.2019 kl 11:42
Jazzklubben i Volda byr inn til haustdans på Porse laurdag. – Kom til oss etter Øyralangs, oppmodar Svein Arnesen og Svein Hunnes.
Publisert: 13.10.2019 kl 18:00 - Oppdatert: 19.10.2019 kl 18:06
Arrangørane gjentek suksessen: I kveld, 19. oktober, er det duka for ei ny utgåve av Øyralangs.
Publisert: 10.10.2019 kl 18:00
Kremen av lokale kulturkrefter vil stå på scena når kommunesamanslåinga mellom Volda og Hornindal skal markerast med storfest i Mørehallen 11. januar 2020.
Publisert: 07.10.2019 kl 15:15
Nynorsk kultursentrum er svært glade for at regjeringa samla styrkar den språklege infrastrukturen i Noreg med over 9 millionar.
Publisert: 05.10.2019 kl 23:30 - Oppdatert: 05.10.2019 kl 23:51
Under kveldens Stjernekamp viste Beate atter ein gong at ho beherskar det meste innan dei ulike musikksjangrane. Likevel fekk ho ikkje nok stemmer til å gå vidare.
Publisert: 22.09.2019 kl 18:00
Mathis Nango er saman med forfattaren Inga Ravna Eira nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for 2019 for boka «Dette er ikke den jorda». Den samiske kunstnaren som er busett i Volda synest dette er stort.
Publisert: 21.09.2019 kl 21:15 - Oppdatert: 21.09.2019 kl 21:39
Under kveldens Stjernekamp fekk tidlegare dommarfavoritt dommarslakt.
Publisert: 16.09.2019 kl 18:00
Kinosjef Kardis Hasfjord hadde oppmuntra publikum til å ha på seg hatt og eller tidsriktige kle, då Volda filmteater sette opp filmen «Downton Abbey» søndag.
Publisert: 14.09.2019 kl 21:55 - Oppdatert: 16.09.2019 kl 09:38
Etter at Beate var mellom dommarfavorittane for fjerde kveld, kom ho mellom dei som fekk færrast publikumstemmer.
Publisert: 14.09.2019 kl 21:00 - Oppdatert: 14.09.2019 kl 21:05
Under kveldens Stjernekamp song Beate så tårene trilla på dommar Mona. Og då halvparten av låtane var unnagjorde var det to dommarar som hadde Beate som førebels favoritt.
Publisert: 13.09.2019 kl 21:00 - Oppdatert: 14.09.2019 kl 19:50
Laurdag er det country-kveld på Stjernekamp og programmet lover inderlege balladar og hæla i taket.
Publisert: 07.09.2019 kl 21:45 - Oppdatert: 07.09.2019 kl 21:47
- Kvar gong vert det stadfest: Beate er her for å bli, sa Mona B. Riise. Og ho fekk rett.