Annonse

– Ingen indikasjonar på norske offer i Tyrkia

(NPK-NTB): Utanriksdepartementet har førebels ikkje fått nokon informasjon som tyder på at nordmenn er blant dei drepne og såra etter angrepet i Tyrkia.

– Vi har ingen indikasjonar på at det er nordmenn der, seier pressevakt Kristin Enstad i UD til NTB onsdag kveld.

Minst 41 personar blei drepne og 239 såra etter sjølvmordsaksjonen på flyplassen i Istanbul tysdag. (©NPK)