Annonse

Betydeleg skredfare i vinterferiehelga 

I store delar av landet er det meldt betydeleg skredfare fredag og laurdag. Eit ras sperrar Snauhaugtunnelen i Hordaland fredag.

Skredfaren er aukande og betydeleg i store delar av landet, ifølgjevarsom.no.

Natt til fredag gjekk det eit ras over vegen utanfor Snauhaugtunnelen på fylkesveg 7 i Kvam kommune i Hordaland. Politiet opplyser til NTB at ingen vart skadd og at ingen er sakna i raset, som skal ha vore ei blanding av snø og stein. Vegtrafikksentralen opplyser at det vil bli gjort ein vurdering av raset klokka 10 fredag morgon og tilrår omkøyring via fylkesveg 48 og 49 eller E16 og riksveg 13.

Torsdag vart ein skiløpar tatt av eit rundt 100 meter breitt snøskred i Sogndalsdalen, men kom seg ut på eiga hand. Skredet skal ha blitt løyst ut av skiløparar i ei lite brukt løype. Politiet gjekk etterpå ut med åtvaring om stor skredfare for Sogn og Fjordane.

I nabofylket Møre og Romsdal blir skiløparar bedne om å vere forsiktige og lytte etter drønn som kan tyde på skred, ifølgjeNRK.

(©NPK)