Annonse

Bondelaget: – Snikfjerning av konsesjonslova

(NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo): Norges Bondelag reagerer sterkt på regjeringa sitt forslag til endringar i konsesjonslova.

Høyringssvaret frå organisasjonen på det borgarlege kompromisset om konsesjonslov, priskontroll og odelsrett var klart måndag.

– Regjeringa sitt forslag til endringar i konsesjonslova er i praksis ei snikfjerning av heile lova seier leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag.

Han meiner regjeringa no opnar for så mange unntak i konsesjonslova at den ikkje lenger vil ha ein funksjon.

– Det er bra for investorar og privatpersonar på jakt etter fritidseigedom, men katastrofalt for norsk matproduksjon og unge bønder som ønskjer å satse, seier han.

Lova sørgjer for at eigarskapet til landbrukseigedommar er spreidd på mange hender, og at det skal vere mogleg for vanlege folk å kjøpe ein gard og drive skogbruk og matproduksjon på den, seier Bondelaget.

Ifølgje forslaget til regjeringa vil 58 prosent av landbrukseigedommane bli unnatekne konsesjonslova, og i tillegg blir det opna det for mange unntak, ifølgje organisasjonen.

Bartnes vender tommelen ned for forslaget om at eigedommar som er leigd eller forpakta av kjøpar i minst fem år, kan seljast utanom konsesjonslova. Han åtvarar også mot konsesjonsfritt sal av nabobruk.

Dales forgjengar Sylvi Listhaug (Frp) føreslo alt hausten 2014 å skrote konsesjonslova og oppheve buplikta, men måtte gi opp etter massiv motstand frå Stortinget.

Eit anna forslag om å fjerne priskontrollen ved sal av landbrukseigedommar blei liggjande i næringskomiteen i halvtanna år, før dei borgarlege partia sist vinter samla seg om eit oppmodingsvedtak til regjeringa om endringar i konsesjonslov, jordlov og odelslov.

Det er dette oppmodingsvedtaket som no har vore på ei tre månaders høyring.

Forslaga inneber at færre sal av landbrukseigedommar skal leggjast under priskontroll og at færre vil få buplikt. (©NPK)