Annonse

Brite erkjenner skuld - planla angrep mot Oxford Street

Ein britisk muslimsk konvertitt innrømmer å ha planlagt eit IS-inspirert varebilangrep mot den travle handlegata i London Oxford Street.

Under ei høyring i ein domstol i London fredag erkjente 26 år gamle Lewis Ludlow å ha planlagt ei terrorhandling, og å ha samla inn pengar til IS.

Ifølgje aktor skreiv Ludlow ned planane sine, der han beskriv Oxford Street som eit ideelt mål fordi gata er svært folkesett, og «det er forventa at om lag 100 personar kan bli drepne».

Blant andre mål på lista til Ludlow var Madame Tussauds-museet i London og St. Pauls katedral. I ein video funne på telefonen til Ludlow, sver han å vere trufast mot IS.

Dom i saka er venta 2. november.

(©NPK)

Ein 26 år gammal britisk muslimsk konvertitt sa seg fredag skuldig i å ha planlagt eit IS-inspirert varebilangrep mot Oxford Street i London. Foto: AP / Frank Augstein / NTB scanpix