Annonse

Djokovic trekker seg frå China Open

(NPK-NTB-AFP): Han har vunne turneringa seks gonger, men Novak Djokovic har no blitt nøydd til å trekke seg frå neste vekes China Open på grunn av ein olbogeskade.

Serbaren, som er ranka som nummer éin i verda, har vunne 29 strake kampar i turneringa. Etter først å ha tatt tittelen i 2009 forsvarte han den ved å slå Rafael Nadal i finalen i fjor.

– Eg er ekstremt skuffa over at ikkje eg får høve til å konkurrere i årets utgåve av China Open, sa Djokovic, som ikkje har spelt etter at han tapte finalen i US Open mot Stan Wawrinka.

– Eg held framleis på å bli bra av olbogeskaden min og har blitt råda til ikkje å spele fram til tilstanden forbetrar seg, la han til.

– China Open er ei av favoritturneringane mine. Eg elskar å konkurrere framfor engasjerte kinesiske fans og eg ser fram til å kome til Beijing i framtida. (©NPK)