Annonse

Døde reinsdyr på Hardangervidda hadde ikkje skrantesjuke

(NPK-NTB): Veterinærinstituttet har fått 35 svar på prøvane av reinsdyra som døydde etter lynnedslag på Hardangervidda før helga. Ingen av prøvane viser skrantesjuke.

Det opplyser seksjonsleiar Kristian Hoel for patologi ved Veterinærinstituttet til VG.

Flokken med 322 reinsdyr døydde truleg fredag. Sundag var ei gruppe fagfolk på staden for å ta prøvar av dei døde dyra. Hovuda er skorne av dei vaksne reinsdyra for å ta prøver av hjernevevet.

Det er påvist fire tilfelle av skrantesjuke – eller Chronic Wasting Disease (CWD) i Noreg hittil i år. Sjukdommen har aldri smitta frå dyr til menneske, men er dødeleg for hjortedyr. (©NPK)