Annonse

Duque: Freden skal endrast i Colombia

Konservative Ivan Duque vann presidentvalet i Colombia søndag kveld. Det skaper frykt for at fredsavtalen med FARC-geriljaen skal gå dukken.

Duque vann med 54 prosent av stemmene mot Gustavo Petros 41,8.

41-åringen blir dermed den yngste presidenten i landet sidan 1872 når han blir teken i eid i august.

Fryktar for fredsavtalen

Det var på førehand varsla at valet av Duque kan få store følgjer for fredsavtalen mellom styresmaktene og den oppløyste kommunistgeriljaen FARC. Fredsavtalen vart forhandla fram av sitjande president Juan Manuel Santos, noko han fekk Nobels fredspris for.

Duque høyrer til det konservative partiet til tidlegare president Alvaro Uribe, som var sterkt imot fredsavtalen og blir av fleire rekna for å vere Uribes løpegut, ifølgje nyheitsbyrået DPA.

Lovar endringar

Duque gjekk til val på at han vil omskrive fredsavtalen som han meiner var altfor forsonleg overfor FARC. Det vekkjer frykt for at 7.000 demobiliserte geriljamedlemmer skal slutte seg til mindre væpna grupper.

Etter at han vart utnemnt som vinnar søndag, kunngjorde den nye presidenten at han ikkje ønsker å rive avtalen i stykkar, men at endringar er nødvendig.

- Fred i Colombia er det vi alle lengtar etter. Den freden - som krev endringar - vil få endringar slik at offera som står i sentrum, vil bli garantert sanning, rettferd og erstatning, sa Duque til tilhengarane.

FARC svarar

Kort tid seinare var FARC på bana og bad den nye presidenten vise «sunn fornuft».

- Det er nødvendig at det blir brukt sunn fornuft. Det landet krev er heilskapleg fred, som vil leie oss til den forsoninga vi håpar på, sa den tidlegare geriljaen i ei pressemelding.

I forkant av valet har Duque også lova å slå hardt ned på venstregeriljaen ELN og andre væpna grupper som framleis er aktive.

Valet søndag var den andre valomgangen og det stod mellom Duque og Gustavo Petro (58) frå venstresida.

Oppmøtet i presidentvalet søndag var på rundt 53 prosent, ifølgje nyheitsbyrået AP.

(©NPK)

Konservative Ivan Duque vann presidentvalet i Colombia søndag. Foto: Fernando Vergara / AP / NTB scanpix

Venstresides Gustavo Petro (t.v.) og den konservative Ivan Duque møttest i den andre valomgangen av presidentvalet i Colombia. Foto: AP / NTB scanpix

Ivan Duques tilhengarar feirar etter sigeren. Foto: Fernando Vergara / AP / NTB scanpix

Gustavo Petros tilhengarar gret i skuffelse då det vart klart at han tapte presidentvalet. Foto: Martin Mejia / AP / NTB scanpix