Annonse

Duterte vil opne for handel med Kina og Russland

(NPK-NTB-AP): Filippinanes president Rodrigo Duterte seier han har bestemt seg for å gå frå handel med USA til den «andre sida av den ideologiske barrieren», og samarbeide med Kina og Russland.

Duterte seier måndag at han har bestemt seg for å «krysse Rubicon» i banda sine til USA, og vil opne opp for handelssamarbeid og tilby leigeavtalar på land til Kina og Russland.

Trass i at Duterte snakka om samarbeid med «den andre sida av den ideologiske barrieren», la han til at han «ikkje eigentleg» bryt banda med USA.

Presidenten seier det heller er snakk om å tilby Kina og Russland å leige landområde i inntil 120 år.

Duterte har hatt eit anstrengt forhold til USA, som har kritisert presidenten si krigføring mot narkotika. Så langt er 3.000 påstått kriminelle blitt drepne etter at Duterte kom til makta tidlegare i år.

Han har også kalla USAs president Barack Obama for «ein horeson» tidlegare i september. (©NPK)